 |

Liten perle - stor klatring! |  | | 7 sider har KLATRING ofra på Uskedalen og Nåso i sitt siste nummer. |
| | | Ulvanåso som klatre-arena har fått eineståande reklame i Skandinavias største klatreblad.Bladet, som kjem 6 gongar i året og sjølvsagt heiter KLATRING, ofrar 7 sider på oss i det siste nummeret. | | | Uskedalen er, meiner forfatteren Ågot Caroline Nilsen, ei bortgjømt perle på Vestlandet. Man staden byr på storveggsklatring og har du vore her ein gong, kjem du garantert attende! | | | Ho omtalar Uskedalen som den vakre dalen med dei mektige veggane. Og Nåso skriv ho at fjellet er fast og formasjonsrikt – her finn du sva, diedre og riss av variert vanskelighetsgrad. Artikkelen er med andre ord svært informativ for dei klatre-interesserte. Den beskriv grundig Bergen-klatraranes aktivitet i Nåso opp gjennom åra, men den har også sværtpositive ord om uskedelingane, som dei har opplevd som ualminneleg hyggelege. | | | Eit døme på det er dette: To klatrarar som måtte snu i Aksloveggen fordi dei vart overraska av eit voldsomt regnver brukte heile kvelden på å komma seg ned. Då dei dyvåte og kalde gjorde det utpå natta, møtte dei ein mann med bil og han undra på om dei ville ha kakao eller kaffe! Bonden hadde sett dei i kikkert og også merka seg at dei snudde. Og så tok han like godt to termosar med seg oppunder veggen. | | | Artikkelen slår fast at dei som bur her alltid har vore svært gjestfrie og imøtekommande overfor klatrarar på besøk. -Vi vonar at dei som vitjar dalen viser hensyn slik at vi kan bevara det gode tilhøvet, heiter det iartikkelen. | | | Den opplyser mellom anna at den nye føraren som har vore omtala lenge truleg kjem i butikkane i august. | | | Av Ola Matti Mathisen | | | | | | | |
| |

 | | Siste Nyhende | | Kva skal vi kalla henne i år? | | Les meir | [20.05.2012] |
|  | | Småguttane vann storsiger | | Les meir | [20.05.2012] |
|  | | Vart nytta mot skjørbuk og mykje anna | | Les meir | [20.05.2012] |
|  | | Nype er smertedempande | | Les meir | [20.05.2012] |
|  |
|  |  | | Teljar | Antal unike besøkjande siste døgn: | | 1617 |
|  |  | | Sponsorar | |  | |